Du er her: Framsida ›› Helse og omsorg ›› Prosjekt Lev Vel i Vaksdal ›› Meistring og deltaking - heile livet

Meistring og deltaking - heile livet

Vaksdal kommune skal no i gong med spanande forprosjekt om framtidsretta og gode omsorgstenester med bruk av teknologi.

- Kva type teknologiske hjelpemiddel kan nyttast for at folk i Vaksdal kommune skal kunne bu heime lengst mogeleg og klara seg mest mogeleg sjølvstendig?
- Korleis kan moderne velferdsteknologi bidra til at personar med demens kan bu og ferdast trygt og delta aktivt i livet sitt?

Dette er nokre av dei spørsmåla me stiller oss i eit forprosjekt som me er i ferd med å starta opp i helse og omsorg med bagrunn i OU-prosjekta i 2013/2014.

Grunnen for satsinga er det framtidsbiletet me ofte vert minna på: stadig fleire eldre og potensielle brukarar av tenestene samstundes med at talet yrkesaktive går nedover. Det vert fleire som skal ha hjelp, men mindre ressursar og færre hjelparar. I dag er 4,2 % av folk i Noreg over 80 år, og i 2060 reknar SSB med at om lag ein av ti nordmenn er over 80. Sjølv om det er gledeleg at folk vert eldre, og sjølv om stadig fleire eldre er spreke og ressurssterke, forstår ein at dette vil skapa utfordringar for helse- og omsorgstenestene. WHO ser på den store auken i talet eldre som ei av dei største utfordringane i vårt århundre, så problemstillinga gjeld både nasjonalt og globalt.

Det vert også uttrykt at problemstillingane rundt eit auka tal eldre ikkje berre kjem av at det vert fleire brukarar, men av at helse- og omsorgstenestene ikkje i stor nok grad evnar å tenkja nytt og utvikla nye metodar. Det har derfor vorte auka fokus på nytenking eller innovasjon innanfor kommunehelsetenesta. Brukarane endrar seg, og teknologien opnar for nye mogelegheiter, og det må også gi konsekvensar for innretting av tenestene.

Vaksdal kommune ønskjer å ta konsekvensen av dette, og me ønskjer å vera ein av dei kommunar som evnar å utvikla seg i takt med tida. Me set derfor i gang forprosjektet for å utgreia korleis teknologi kan bidra til at innbyggjarane og brukarane av helse- og omsorgstenester får eit liv der dei kan delta aktivt og meistra mest mogeleg sjølv. I dette ligg også at me vil nytta tilgjengelege ressursar på beste og rettaste måte.

Forprosjektet går fram til sommaren 2016, og me har fått økonomisk støtte frå Fylkesmannen til m.a. kompetanseheving og studieturar. Prosjektskissa som vart utarbeida i samband med søknad om midlar frå Fylkesmannen, vekte merksemda til forskargruppa ved Senter for omsorgsforsking Vest / Høgskolen i Bergen, og me er no i ferd med å inngå samarbeid med dei. Senter for nyskaping vert også med i forprosjektet, og me er i dialog med andre mogelege samarbeidspartar. Internt i kommunen vil både tilsette, tillitsvalde og brukarrepresentantar delta.
Me trur me har mykje å vinna på å få med oss forskarar og høgskulemiljø og gledar oss til å komma i gang med denne spanande og viktige satsinga.

Forprosjektet er forankra politisk gjennom Utval for levekår, Formannskapet og Kommunestyret og er lagt til grunn i Økonomiplanen for 2016 -2019.
Sjå prosjektskissa for meir informasjon eller kontakt kommunalsjef Solrun Hauglum.


 

Skriv ut Skriv ut